Til heimabrygget

Mel.: Jeg er havren

Eg er ikkje havre eg er bygg,
og av meg dei lagar heimabrygg.
Når eg sveiar stilt i kveldens fred,
mang ein bondemann han sveivar med.

Mang ein vaksen kar eg fekk i kne,
truga han på alle fira ned.
Stod han opp og tala store ord,
rann eg inn og fekk han ned på jord.

Akta deg og føl deg ikkje trygg,
når du heller i deg heimabrygg.
Lukka skiftar som ein kastevind,
vitet ut og heimabrygget inn.